Rechercher dans ce blog

Tuesday, April 6, 2021

Nasa-drone klarte seg første natt åleine på Mars' kalde overflate - Fjordabladet

Nasa seier overnattinga er «ein viktig milepæl». Laurdag stod den ultralette farkosten åleine på Mars-overflata etter å ha vorte kopla frå køyretøyet Perseverance, som landa på Mars 18. februar.

Kan flyge til helga

Eit solcelledrive batteri på Ingenuity må dermed sørgje for nødvendig oppvarming for å hindre at elektronikken på dronen frys og blir øydelagd i Mars-natta, der temperaturen kan falle til minus 90 grader.

– Dette er første gong Ingenuity har vore for seg sjølv på overflata. No har vi fått stadfesta at vi har riktig isolering, varmeelement og nok batterikraft til å komme gjennom den kalde natta, noko som er ein stor siger for laget, seier prosjektleiar Mimi Aung i Nasa.

No blir den første flyturen, som skal skje tidlegast 11. april planlagd. Dei kommande dagane skal rotorar og motorar testast.

– Sjå moglegheitene

Norske Håvard Fjær Grip er sentral i prosjektet, som siktar mot den første flyturen på ein annan planet.

– Det einaste kriteriet for suksess for oss, er om vi klarer å flyge på Mars for første gong i historia. Vi meiner det er gode sjansar for å få det til, sa Grip til NTB i fjor. Han jobbar ved Nasa Jet Propulsion Laboratory og California Institute of Technology i Pasadena i Los Angeles.

Han ser fleire måtar Ingenuity kan brukast i utforskinga av naboplaneten vår.

– Ein kan mellom anna byrje å bruke helikopter til å rekognosere område for landsfartøy som treng informasjon om kvar dei skal køyre, og finne ut kva område som er mest interessante å studere. Det handlar om å sjå moglegheitene og opne nye dører, fortalde Grip til NTB.

(©NPK)

Let's block ads! (Why?)


Nasa-drone klarte seg første natt åleine på Mars' kalde overflate - Fjordabladet
Read More

No comments:

Post a Comment

Det finnes allerede spill-PC-er med Palworld-tema. - Gamereactor Norge

Det har nå gått en uke siden Palworld debuterte som Early Access-tittel, og i løpet av den tiden har det oppnådd bemerkelsesverdig suksess ...