Det er forsvinnande få skjermkort på marknaden for tida, men det hindrar ikkje Nvidia i å halde fram med å sleppe nye produkt. Tysdag morgon hadde Nvidia-visedirektør Jeff Fisher eit innlegg på Computex, der han gjekk gjennom ei rekkje nyheiter frå skjermkortprodusenten.
Det er litt over to månadar sidan Nvidia lanserte mellomklassekortet RTX 3060, og i dag tok Fisher anledninga til å annonsere Nvidia sitt nye gamingflaggskip, nemleg Nvidia RTX 3080 Ti, saman med RTX 3070 Ti.
Teknisk sett er RTX 3090 flaggskipet til Nvidia, men dei har likevel omtalt RTX 3080 som flaggskipet deira for speling så langt. Det blir difor spanande å sjå kor stor forskjellen blir mellom RTX 3090, RTX 3080 Ti og RTX 3080.
Mykje kjappare
Det var ikkje noko stor overrasking at Nvidia avduka skjermkorta. Dei siste vekene har det vore ein haug med lekkasjar om dei to skjermkorta, og dei aller fleste har vist seg å stemme.
Nvidia GeForce RTX 3080 Ti skal visstnok bli dobbelt så raskt som GTX 1080 Ti og 50 prosent kjappare enn RTX 2080 Ti, og får 12 GB med GDDR6X-videominne. Storebror RTX 3090 har til samanlikning 24 GB.
Skjermkortet får vidare ein minnebus på 384-bit, ei klokkehastigheit på 1665 MHz, 10 240 CUDA-kjernar og eit straumforbruk på 350 watt.
Nvidia reklamerer ein pris på 13 000 kroner, men det får me neppe sjå i butikkane med det første. Skjermkortet lanserer 3. juni.
3080-veslebroren
RTX 3070 Ti skal vere 50 prosent kjappare enn RTX 2070 Super, og er i sal frå 10. juni til 6500 kroner. Skjermkortet får 8 GB med GDDR6X-videominne, 22 Shader-TFLOPS, 42 RT-TFLOPS og 174 Tensor-TFLOPS.
Her har me ikkje fått alle detaljane enno, men lekkasjane peikar på eit straumforbruk på 290 watt og 6144 CUDA-kjernar.
Stille om prisane
Utvinning av Ethereum er ein av dei fremste grunnane til at skjermkort har vore så dyre det siste halvåret, og Nvidia har bestemt seg for å innføre ei avgrensing på hastigheita for utvinning på alle skjermkorta sine – utan tilbakeverkande kraft.
Skjermkort med slike sperrer kjem til å bli merka med «LHR». Fisher sa ingenting om dette i samband med 3080 Ti- og 3070 Ti-lanseringa.
Spesifikasjonane:
RTX 3090 |
RTX 3080 Ti |
RTX 3080 |
RTX 3070 Ti |
RTX 3070 |
|
Arkitektur | Ampere | Ampere | Ampere | Ampere | Ampere |
Skjermeining |
GA102-300 |
GA102-225 |
GA102-200 |
GA104-400 | GA104-300 |
CUDA-kjernar |
10 496 |
10 240 |
8704 |
6144 | 5888 |
Boost-klokkehastigheit |
1695 MHz |
1665 MHz |
1710 MHz |
- | 1730 MHz |
Videominne |
24 GB GDDR6X |
12 GB GDDR6X |
10 GB GDDR6X |
8 GB GDDR6X | 8 GB GDDR6 |
Minne-klokkehastigheit |
19.5 GBps |
? GBps |
19 GBps |
- | 14 GBps |
Minnegrensesnittbreidde |
384-bit |
384-bit |
320-bit |
256-bit | 256-bit |
Minnebandbreidde |
936 GB/s |
912 GB/s |
760 GB/s |
608 GB/s | 448 GB/s |
Straumforbruk |
350 watt |
350 watt |
320 watt |
290 watt | 220 watt |
Norsk pris |
? |
? |
? |
? | ? |
Nye spel med strålesporing eller DLSS:
- Dying 1938 (RT)
- Rainbow Six Siege (RTX + DLSS)
- Icarus RT + DLSS. Lanserer i haust
- Red Dead Redemption 2 (DLSS)
- No Man's SKy VR (RT)
- Into the Radius (DLSS)
- Wrench (RT + DLSS)
- Doom Eternal (RT)
Nye spel med Nvidia Reflex
- War Thunder
- Naraka Bladepoint
- Crossfire HD
- Escape from Tarkov
Dette er det nye gamingflaggskipet til Nvidia - Gamer.no
Read More
No comments:
Post a Comment