Rechercher dans ce blog

Friday, June 4, 2021

Nasa reiser til Venus igjen - Fjordabladet

– Målet med desse søsteroppdraga er å forstå korleis Venus vart ei slikt infernolignende verda der bly kan smelte på overflata, seier Nelson.

Oppdraget som har fått namnet DaVinci Plus, skal analysere den tjukke og uklare atmosfæren for å finne ut om det nokon gong var hav på overflata og om Venus nokon gong har vore mogleg å bu på. Eit lite fartøy skal sendast inn i atmosfæren for å måle gassnivåa.

Det andre oppdraget, Veritas, skal undersøkje geologien til planeten og kartleggje den steinete overflata.

Venus er vår næraste planet, og har vorte oversett i fleire tiår medan andre delar av solsystemet har vorte utforska. Dei planlagde prosjekta blir dei første turane til Venus' atmosfære sidan 1978.

– Det er slåande kor lite vi veit om Venus, men desse oppdraga vil gi oss ny kunnskap om atmosfæren til planeten, som for det meste består av karbondioksid, seier Nasa-forskar Tom Wagner.

Kvart oppdrag, som blir sjøsett mellom 2028 og 2030, får 500 millionar doller frå Nasas utviklingsprogram. Dei utkonkurrerte to andre moglege prosjekt som ville utforske Jupiters måne Io og Neptuns islagde måne Triton.

USA og Sovjetunionen sende fleire romfartøy til Venus i dei tidlege åra av romfarten. Den første vellykka flyginga forbi planeten vart gjort av USA i 1962, medan Sovjetunionen landa på planeten i 1970.

I 1989 sende Nasa eit romskip i bane rundt Venus, medan Den europeiske romfartsorganisasjonen (Esa) gjorde det same i 2006.

(©NPK)

Adblock test (Why?)


Nasa reiser til Venus igjen - Fjordabladet
Read More

No comments:

Post a Comment

Det finnes allerede spill-PC-er med Palworld-tema. - Gamereactor Norge

Det har nå gått en uke siden Palworld debuterte som Early Access-tittel, og i løpet av den tiden har det oppnådd bemerkelsesverdig suksess ...