Rechercher dans ce blog

Thursday, September 23, 2021

– Fortnite kan bli svartelista i fem år - Fjordabladet

Epic Games-sjef Tim Sweeney sa onsdag at han har fått beskjed frå Apple om at Fortnite blir svartelista inntil rettsstriden er løyst og inntil alle ankemoglegheiter er brukte opp. Det kan ta opptil fem år, skriv han på Twitter.

– Apple brukte eitt år på å fortelje verda, retten og pressa at dei ønskte Epic velkommen tilbake til App Store om dei gjekk med på å følgje dei same reglane som alle andre. Epic var samd, og no vedkjenner ikkje Apple seg misbruk av monopolistmakt over ein milliard brukarar, skriv han.

Ein representant for Apple har ikkje svart på førespurnader frå AP om å kommentere saka.

Tidlegare denne månaden beordra ein føderal dommar Apple å lempe på betalingsmodellen slik at tredjepartsselskap kan omgå betalingsplattforma.

Det var Epic Games som gjekk til søksmål mot Apple etter at Apple og Google fjerna det populære spelet frå app-butikkane sine i fjor. Årsaka var at Epic Games hadde lansert ei betalingsløysing som fungerte uavhengig av plattformene til både Apples og Google.

Apple såg på dommen som ein siger fordi dommaren slo fast at selskapet ikkje bryt nokon monopolførebyggjande reglar, og at Apple ikkje prøver å oppnå monopol.

Epic Games var misnøgd med dommen og sa han verken var ein siger for utviklarar eller forbrukarar. Epic har derfor anka dommen.

(©NPK)

Adblock test (Why?)


– Fortnite kan bli svartelista i fem år - Fjordabladet
Read More

No comments:

Post a Comment

Det finnes allerede spill-PC-er med Palworld-tema. - Gamereactor Norge

Det har nå gått en uke siden Palworld debuterte som Early Access-tittel, og i løpet av den tiden har det oppnådd bemerkelsesverdig suksess ...