
Romfartsorganisasjonen vil sende eit romfartøy inn i ein asteroide for å endre objektbanen. Manøveren blir sett på som ei avgjerande prøve på vår evne til å stoppe kosmiske objekt frå å øydeleggje livet på jorda.
Romskipet Double Asteroid Redirection Test (Dart) vart skote opp frå California i november i fjor. Det nærmar seg raskt målet, som romskipet vil treffe med ein fart på rundt 23.000 kilometer i timen.
Verken den vesle månen Dimorphos eller storebroren han går i bane rundt, Didymos, utgjer nokon trussel når paret passarar sola, på det næraste over 11 millionar kilometer frå jorda.
Men eksperimentet er av Nasa rekna som viktig å gjennomføre før eit faktisk behov melder seg. Viss alt går etter planen, skjer samanstøyten klokka 1.14 natt til tysdag. Kollisjonen mellom romfartøyet, som er på storleik med ein bil og asteroiden som er 160 meter lang, kan følgjast på Nasa.
Ved å treffe Dimorphos, er håpet å skyve han inn i ein mindre bane, og kutte ti minutt av tida det tek å krinse Didymos.
Lykkast dette blir det som er freista i science fiction-filmer som «Armageddon» og «Don't Look Up», røyndom.
(©NPK)
Natt til tysdag sender Nasa eit romfartøy inn i ein asteroide for å endre objektbanen. Foto: Steve Gribben / Johns Hopkins APL / NASA via AP / NTB
Asteroidekollisjon blir prøve på planetarisk forsvar - Nordre
Read More
No comments:
Post a Comment