Rechercher dans ce blog

Tuesday, July 11, 2023

Haaland prydar coveret av EA Sports FC - Framtida

Erling Braut Haaland er ein av mange stjerner som har fått plass på den første utgåva av TV-spelet «EA Sports FC».

Det annonserte speleprodusenten på Twitter måndag kveld.

Nordmannen er midtpunktet til coveret og er omringa av fotballgigantar som Pelé, Ronaldinho, Johan Cruyff, David Beckham og Didier Drogba, i tillegg til fleire av dei største spelarane for dagen. Totalt er det 31 spelarar på biletet.

Det er også ti kvinnelege fotballspelarar som har fått plass på coveret, utan at nokon av dei norske profilane som Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen er å finne.

Spelet er det første av sitt slag etter at EA Sports mista rettane til å bruke Fifas namn. Fifa-spela har vore eit av dei mest populære sidan dei først kom i 1993.

Haaland er den andre nordmannen til å pryde coveret av EA Sports’ fotballspel. Erik Thorstvedt var den første då han var åleine på framsida av «Fifa Soccer 95».


Foto frå førre VM i 2018, og kampen mellom Frankrike og Argentina. Bilete syner Lionel Messi (til venstre) og Ngolo Kante (til høgre). Foto: AP Photo/Thanassis Stavrakis, File

Oppdatert: tysdag 11. juli 2023 09.06

Adblock test (Why?)


Haaland prydar coveret av «EA Sports FC» - Framtida
Read More

No comments:

Post a Comment

Det finnes allerede spill-PC-er med Palworld-tema. - Gamereactor Norge

Det har nå gått en uke siden Palworld debuterte som Early Access-tittel, og i løpet av den tiden har det oppnådd bemerkelsesverdig suksess ...