Rechercher dans ce blog

Wednesday, December 6, 2023

Nobel-forskarar brukte FFI-programvare - Forsvarets forskningsinstitutt

Ingen einmannsjobb

Arbeida til forskarane har ført til at vi no har fått ei form for bilete av slike lynraske prosessar inne i atom og molekyl.

Det starta i 1987. Då såg Anne L'Huillier at mange ulike overtonar av lys oppstod når ho sende infraraudt laserlys gjennom ein edelgass.

Kvar overtone er ei lysbølgje, med eit gitt tal syklusar for kvar syklus i laserlyset. Dei er forårsaka av laserlyset, som samhandlar med atom i gassen. Nokre elektron får ekstra energi. Energien blir sendt ut som lys.

L'Huillier har halde fram med å utforske dette fenomenet. Ho har lagt grunnlaget for etterfølgjande gjennombrot. I 2001 lukkast Pierre Agostini med å produsere og undersøkje ein serie etterfølgjande lyspulsar, der kvar puls varte berre 250 attosekund. Samstundes jobba Ferenc Krausz med ein annan type eksperiment. Det gjorde det mogleg å isolere ein enkelt lyspuls, som varte i 650 attosekund.

Gunnar Arisholm seier det er lagt ned eit stort arbeid i forskinga.

– Dette har ikkje vore ein einmannsjobb. Slike eksperiment krev mykje tid og enorme ressursar. Krausz har til dømes ei gruppe med mange titals medarbeidarar, i laboratorium med store vakuumanlegg og svært avansert laserutstyr, fortel han. 

Adblock test (Why?)


Nobel-forskarar brukte FFI-programvare - Forsvarets forskningsinstitutt
Read More

No comments:

Post a Comment

Det finnes allerede spill-PC-er med Palworld-tema. - Gamereactor Norge

Det har nå gått en uke siden Palworld debuterte som Early Access-tittel, og i løpet av den tiden har det oppnådd bemerkelsesverdig suksess ...