Om du likar James Camerson sine Avatar-filmar er ei personleg sak, men det er ikkje til å legge under ein stol at dei er eit makelaust skue inn i ei fantastisk verd. Vakkert er det, uhyre kreativt, og for min del er ein tre timar lang Avatar-film som ei tre timar lang reise der eg gløymer tid, rom og alt midt i mellom.
Med det i tankane var det ikkje utan eit snev av iver eg fekk sjansen til å springe rundt på Pandora sjølv i nokre timar. Ubisoft er kjende for sine store, opne verder, og sjølv om formelen deira har blitt vel forutsigbar dei siste åra var eg spent på å sjå kva dei kunne finne på med desse filmane som bakteppe.
Kva no?
Eg må innrømme eg har hatt betre dagar. Før det heile starta blei eg fortalt at det eg no ville få spele var den guida versjonen. Altså, versjonen av spelet der alt av kart, kompass og vegvisarar designa for at sjølv den mest retningslause eventyrar skal klare å finne fram er på plass.
Sjeldan har eg vel følt meg meir ubrukeleg. Det gjekk ikkje mange minutta frå eg tok mine første steg, til ei stemme byrja å fortelje meg og mine europeiske kollegaer som openbert hadde same problem korleis vi skulle finne den frukta vi no var på jakt etter. For det var det vi skulle. Finne ei frukt, på ei grein.
Dette var berre starten. Det er lenge sidan eg har gått meg så grundig vill i eit spel, men diverre må eg innrømme at mykje av tida mi med Avatar: Frontier of Pandora blei prega av rein frustrasjon over å ikkje finne ut kvar eg skulle. Alt du får er ei vag skildring av kvar du skal. Du får oppdrag som kanskje ber deg om å reise til ein stad sør for ein stad dei nemner med namn, men når du ser på kartet finn ein ikkje det namnet, så då er ein liksom like langt.
Det er ikkje noko kompass her, berre ein vag, tåkete sirkel på skjermen som indikerer at du går rett veg, sjølv om eg aldri nådde fram til noko ved å følgje den. Du kan bruke sansane dine for å finne ting òg, men sjeldan fann eg det eg leita etter. Det var frustrerande, og eg håpar verkeleg noko var feil her.
Å fly rett inn i eit ormebol av fiendar fordi ingenting fortel deg at den personen du skal møte ligg gøymt blant nokre busker til høgre for deg er litt pinleg. Og dette var den guida versjonen, eg klarar ikkje heilt å førestille meg korleis det er mogleg å få mindre hjelp, men kanskje blir det betre når ein får meir tid i denne verda, og blir betre kjend med landområda.
Stort og vakker
Mine frustrasjonar til side, det er mykje potensiale i dette spelet. Hovudattraksjonen er openbert Pandora, den digre månen det heile skjer på. Det er vakkert og spektakulært, og det er så mange ting å sjå på at ein nesten blir litt ør. Det er sjølvsagt ikkje heilt samanliknbart med dei tettpakka junglane vi får sjå i filmane, men det er ikkje så frykteleg langt ifrå.
Eg fekk vandre gjennom tjukke skogar med store tre, klatre opp på svevande fjell, suse gjennom lufta på ein ikran, og bli vitne til den enorme øydeleggjinga menneska har bringa med seg.
Oppdraget mitt denne dagen var enkelt. Eg skulle klatre opp til dei flygane Ikran-beista, bli ven med eitt av dei, sjekke ut nokre potensielle problem i lufta, før eg til slutt måtte inflitrere og demontere ein base med fiendar.
Først og fremst er det eit spel det er behageleg å spele. Kontrollane sit godt, alt er innan lett rekkevidde, og i rolla som ein Na'vi er du rask, spenstig, og veldig godt egna til å navigere jungelterrenget. Spesielt merkbart blei dette når eg lynande kjapt klatra opp bratte fjellskrentar og hoppa frå stein til stein på veg opp dei svevande fjella.
Fly, mitt beist, fly!
Vel oppe på toppen fekk eg etter ein kort sekvens fly over skyene, ei oppleving som absolutt gav meirskap. Målet var nokre svevande plattformer som måtte handterast, og her fekk eg både leike meg med å bli plukka opp av ikranen min etter å ha kasta meg utfor eit stup, samt prøve meg på eit nesten pinleg lettvindt hackespel, før eg skaut ned nokre fiendtlege skip.
Kontrollane på flysekvensar i spel som elles er i førsteperson er ikkje alltid like velsmurte, men det vesle eg fekk prøvd i Avatar: Frontiers of Pandora gav meirsmak. Det er lett å både fly og angripe samstundes, noko som er alt som verkeleg betyr noko når ting byrjar å skje. Ikran er spenstige dyr, og du kan lett gli ned mot fiendar og trekke deg unna for å få avstand om kuleregnet skulle bli for intenst.
Eg fekk òg prøvd meg litt på å angripe både folk og fe. Pandora er fullt av levande dyreliv, og nokre av desse dyra ser på deg som mat. Ein litt artig detalj var at eg trengde ikkje skyte meir enn to eller tre beist frå ein liten flokk før resten skjønte at dette var ein dårleg idè og stakk av.
Går du tom for kuler eller piler kan du lage meir ammunisjon på sparket med ting du plukkar opp i naturen, og det same gjeld medisin og andre nødvendige ting.
Det siste eg gjorde i speleøkta mi var å infilterere og øydeleggje ein base menneska hadde bygd opp. Her er det sjølvsagt mogleg å liste seg forsiktig inn eller gå laus med alt du har, men eg vil anbefale det første. Eg hadde nokre dårlege første forsøk, mykje takka vere navigasonssystemet som gjorde det vanskeleg å forstå kvar eg eigentleg skulle gå, men så snart eg fekk orden på det var det grei skuring.
Du kan tilpasse opplevinga ved å kjøpe diverse eigenskapar, og eg huka blant anna av for å vere umogleg å høyre når ein snik seg rundt, noko som gjorde infiltreringa ganske grei. Det blei likevel litt action på slutten der soldatar i robotdrakter byrja å fyre etter meg. Her fekk spelet ein solid sjanse til å demonstrere kor hektisk og sandkasseprega små hendingar kan bli. Eg blei jaga gjennom eit bygg, stupte ned i eit vatn, symde under ei bru, og tilkalla etterpå min ikran slik at eg kunne fly ut derifrå medan kulene susa rundt meg.
Konklusjon
Avatar: Frontiers of Pandora har absolutt mykje potensiale til å bli eit digert og spanande spel. Den typiske Ubisoft-formelen var ikkje heilt til stade her. Hovudpersonen var sjølve verda, månen Pandora, og utviklarane ser ut til å ha prøvd å skape ei oppleving der kunstige ting som kompass og markørar ikkje skal kome i vegen.
Litt hadde likevel vore greit. Pandora byr på ein så pass vill natur at det er lett å gå rett forbi ting fordi du ikkje ser det på grunn av alle trea. På eitt punkt måtte eg klatre på utsida av steinar og gjennom buskass for å kome meg vidare, rett og slett fordi eg ikkje såg nokon annan veg vidare. Det er rett og slett litt for lite hjelp her, og eg fekk beskjed om at alt av hjelp var slått på. Lite hjelp er greit om du er like god på å signalisere kvar ting skjer som Nintendo er i sine Zelda-spel, men det er ikkje ein kunst dette spelet heilt ser ut til å meistre.
Ein skal sjølvsagt ikkje avvise at tidspresset ein er under når ein spelar slike presentasjonar kan vere med på å auke frustrasjonen når ein ikkje finn ting for.
Resten var likevel moro. Pandora ser ut til å bli ein stor stad der det er mykje å ta seg til, og mykje natur å berre forsvinne i. Nokre av dei utsiktene eg fekk med meg var heilt nydelege, og det er fascinerande at ein kan gå til alt ein ser.
Avatar: Frontiers of Pandora slippes til PlayStation 5, Xbox Series X/S og Windows 7. desember. Vi testa spelet over ei strøymeløysing.
Sniktitt: Avatar: Frontiers of Pandora - Gamer.no
Read More
No comments:
Post a Comment